Oversikta over førstegongsregistrerte bilar, altså nybilar, viser at Kia var suverent mest populær blant kvinnheringane i året som gjekk. Heile 63 av dei totalt 216 nybilane var av det sørkoreanske merket. Det viser statistikken som vi har fått av Opplysningsrådet for veitrafikken.

Volkswagen auka òg sin popularitet, og blei kjøpt av 25, mot 17 året før.

Mange synest nok òg dei ser stadig fleire Tesla på vegane også lokalt. Men merket blei berre førstegongsregistrert hos 20 kvinnheringar i 2022, mot 31 året før.

Av dei 216 førstegongsregistrerte bilane i 2022, var 171 elektriske. Det utgjer nesten 80 prosent av alle selde nybilar, og er ein oppgang på 17,93 prosent frå året før.

25 bilar var bensin plugin hybrid, 14 bensin hybrid. Det var berre registrert éin ny dieselbil og fire bensinbilar, samt éin diesel plugin hybrid.

Her kan du sjå heile oversikta over kva bilar som vart førstegongsregistrerte i Kvinnherad i 2022:

Merke Tal 2022 Andel Tal 2021 Andel Endring
Total for rapport 216 100,00% 228 100,00% -5,26%
Kia 63 29,17% 46 20,18% 36,96%
Volkswagen 25 11,57% 17 7,46% 47,06%
Mercedes-Benz 22 10,19% 16 7,02% 37,50%
Tesla 20 9,26% 31 13,60% -35,48%
Toyota 18 8,33% 30 13,16% -40,00%
Hyundai 15 6,94% 10 4,39% 50,00%
BMW 6 2,78% 5 2,19% 20,00%
Peugeot 6 2,78% 8 3,51% -25,00%
Audi 5 2,31% 1 0,44% 400,00%
Polestar 5 2,31% 7 3,07% -28,57%
Subaru 4 1,85% 11 4,82% -63,64%
Volvo 4 1,85% 4 1,75% 0,00%
Renault 3 1,39% 4 1,75% -25,00%
Suzuki 3 1,39% 6 2,63% -50,00%
BYD 2 0,93% 1 0,44% 100,00%
Fiat 2 0,93% 1 0,44% 100,00%
Ford 2 0,93% 11 4,82% -81,82%
MG 2 0,93% 1 0,44% 100,00%
NIO 2 0,93% 1 0,44% 100,00%
Citroën 1 0,46% 0 0,00% 100,00%
Cupra 1 0,46% 0 0,00% 100,00%
Mazda 1 0,46% 1 0,44% 0,00%
MINI 1 0,46% 0 0,00% 100,00%
Porsche 1 0,46% 0 0,00% 100,00%
Skoda 1 0,46% 3 1,32% -66,67%
XPeng 1 0,46% 0 0,00% 100,00%
Lexus 0 0,00% 1 0,44% 0,00%
Mitsubishi 0 0,00% 4 1,75% 0,00%
Nissan 0 0,00% 6 2,63% 0,00%
Opel 0 0,00% 2 0,88% 0,00%