Lesing rustar barna til å takla kvardagen betre

Spennande og koseleg høgtlesing for mamma Ragnhild Kalstad Thorkildsen og vesle Mari på tre og eit halvt år.

Spennande og koseleg høgtlesing for mamma Ragnhild Kalstad Thorkildsen og vesle Mari på tre og eit halvt år. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Å lesa høgt for borna er noko det er uråd å gjera for mykje av. Jo meir, jo betre.

DEL

Lærar Ragnhild Kalstad Thorkildsen frå Valen er ikkje i tvil. Ho er oppvaksen med å bli lesen for, og ho har sjølv lese mykje for dei tre barna sine.

– Dei fleste barn likar veldig godt å bli lesne for. Koseleg er det òg for den som les, oppmuntrar Thorkildsen.

Så opptatt er ho av dette, at ho nettopp har teke vidareutdanning i barnelitteratur – og det utan at nokon har visst det.

– Eg sa ikkje noko, for eg hadde ikkje lyst å forklara meg viss eg skulle finna på å avslutta studiet. Men heime var det sjølvsagt kjent. Mannen min og eg var saman om det i den forstand at han kom med gode råd og tips undervegs. Faktisk søkte vi begge på dette studiet, men berre eg fekk plass, seier ho med ei fornøgd mine.

Mannen er nemleg den ikkje heilt ukjende Anders Totland – forfattaren bak barneboka «Vampyrane i eplehagen» og to ungdomsromanar.

Bruk samtidslitteratur

Studiet heiter «Samtidslitteratur for barn og unge» og er gjennomført ved «NBIs nettstudier». Det har gitt henne 30 studiepoeng som tilsvarer ei halvtårseining.

– I løpet av studiet fekk eg verkeleg auga opp for kor viktig det er at vi les samtidslitteratur for barna. Dei gamle klassikarane er sjølvsagt òg verdfulle, men skrivne i ei anna tid og ikkje heilt til å kjenna seg igjen i. Ny litteratur speglar dagens samfunn, slik at barna kan identifisera seg med problem- og framstillingane på ein heilt annan måte, hevdar Thorkildsen.

Som eksempel på det som ligg i den gamle skattekista nemner ho Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Kardemomme by og fleire andre.

– Dette er god litteratur som er fin å drøyma seg vekk i, derfor må barna få lov å bli kjende med den òg. Men ny litteratur er minst like viktig og må for all del ikkje hamna i skuggen av dei gamle klassikarane. I ei verd der altfor mykje er pynta på, trur eg at barn og unge treng gode bøker frå verda i dag. Så kan dei sjå at dei ikkje er åleine, og at det er heilt greitt at livet av og til er kjipt, hevdar Thorkildsen.

Betre rusta

– Kva gjer litteraturen med barn og unge?

– Bøker gir eit godt innblikk i ulike sider ved samfunnet. Med kunnskapar om andre, vil ein òg lettare kunna finna sin eigen plass. Både ordforrådet, skrivekunnskapane og samfunnsforståinga blir betre av å lesa, eller bli lesen for. Ein opplever glede og spenning undervegs i bøkene, og ein blir i heile tatt betre rusta til å møta kvardagen, hevdar ho med ettertrykk.

Men like viktig som å lesa er det å snakka om det ein les.

– Ein må samtala med barna når ein har lese om vanskelege problemstillingar eller støytt på vanskelege ord og uttrykk. Gjerne òg om andre ting i teksten. Det gir ei rikare oppleving for begge partar.

Artikkeltags