– Kvifor er det sånn at dei einaste som snakkar om overgangsalderen er kvinner i overgangsalderen?

Dette spurde forfattar og journalist Birgitte Hoff Lysholm seg om, og det resulterte i ei bok om temaet. Torsdag 23. januar kjem ho til Kvinnherad bibliotek.

DEL

Birgitte Hoff Lysholm hadde vore journalist og skrive om kvinnehelse i over tjue år. Ho trudde ho visste det meste om kvinnekroppen og kunne snakka om alt – heilt til ho nærma seg førtiåra og oppdaga at det var éin ting ho visste lite om: Overgangsalderen.

Det vart starten på eit år med samtalar med fagfolk og vanlege kvinner om kvinners indre liv og underliv. Resultatet er boka «Heit – en guide til overgangsalderen». Veit vi ikkje kva som ventar oss, kan det ha store konsekvensar for måten vi planlegg liva våre på.

23. januar kjem ho til biblioteket på Husnes, og dette bokbadet passar for kvinner i alle aldrar, og mennene som lever med dei, heiter det i pressemeldinga.

Biblioteksjef Trude Hege Bergesen vil samtala med Hoff Lysholm om temaet, og det blir også boksal- og signering denne kvelden.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags