Portrett av ein sindig villmann

Kristian Hus har portrettert Tjerand Aske i den siste boka si. (Foto: Privat).

Kristian Hus har portrettert Tjerand Aske i den siste boka si. (Foto: Privat).

Artikkelen er over 1 år gammel

Kristian Hus er ute med den fjerde boka si. Denne gongen om det barske livet til ein bonde på Fjelberg.

DEL

Ny bok:Tjerand Aske (1906–1976) på Aske gard på Borgundøy var ein original mange framleis hugsar. Forfattaren hugsar best historia han høyrde mange gonger i oppveksten om denne spesielle fyren som sykla over Folgefonna.

Hus har gått livet til den einsame bonden nærare etter i saumane. Den strabasiøse turen over fonna midtvinters har fått god plass, men boka handlar mest om det vanskelege kvardagslivet heime på garden.

Forfattaren har søkt i ymse offentlege skriv og dokument, men først og fremst henta opplysningar frå folk som kjende og hugsar Tjerand Aske.

Resultatet er blitt ei spennande forteljing om ein kar som etter kvart vart buande heilt åleine på den avsidesliggjande Aske gard. Han var esla for gardsbruk og fiske, men fekk det aldri skikkeleg til. Aske skal ha vore ein klok og filosoferande mann, og kanskje bar han på ein draum om å bli frigjort til å gjera noko heilt anna. I boka seier Hans Helge Vik følgjande om bonden på Aske: «Tjerand hadde mange gode og kloke sider. Eg hugsar far min alltid sa at Tjerand er nok mykje klokare og meir tenkjande enn han ser ut til. Eg trur også at dei fleste aksepterte han som ein likeverdig sambygding».

Tjerand fann seg aldri kone, og då begge foreldra hans var borte, var det ikkje lenger nokon på garden som kunne pusha på eller gi oppmuntring i arbeidet som bonde. Det viste igjen i raskt forfallande hus – dessutan på vanstelte sauer. Dei siste åra på garden budde Tjerand i naustet, med nokre sauer som varmekjelder. Våningshuset var blitt ubrukeleg. På eit tidspunkt mista han også sauene sine, som han skal ha vore så glad i. Dyrevernsnemnda hanka dei inn på grunn av vanstell og fôrmangel.

Akkurat korleis Tjerand Aske hadde det mot slutten av livet, ser det ut til å herska litt uvisse om. Plutseleg forsvann han frå garden utan at nokon visste kor han hadde teke vegen. Etter ei stund vart det klart at han hadde reist til Oslo, der han truleg levde saman med uteliggjarane.

Blant dei mange Kristian Hus har intervjua er Frøydis Fjellhaugen. Ho seier mellom anna dette om den særmerkte bonden på Aske: «Tjerand Aske var så mykje, mykje meir enn han som sykla over Folgefonna».

Boka er godt illustrert med nye og gamle foto, gamle dokument og nye teikningar av Trygve Hansen. Ho er utgjeven på det nyskipa Skimtvis forlag, som er forfattaren sitt eige. Sonen, Kristen Børje Hus, har gjort jobben som grafisk designar. Ifølgje forfattaren har også kona Solveig og sonen Geir vore konsulentar for boka. Dermed kan vi seia at dette er eit skikkeleg familieprosjekt med eit spennande resultat.

Huset er borte, men murane står. Tjerand Aske makta ikkje å halda husa på Aske i orden. (Foto: Kristen Børje Hus).

Huset er borte, men murane står. Tjerand Aske makta ikkje å halda husa på Aske i orden. (Foto: Kristen Børje Hus).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags