Barnebokpris til Anders Totland

Anders Totland. (Arkivfoto).

Anders Totland. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Nynorsk barnelitteraturpris 2016 går til Anders Totland for boka «Engel i snøen».

DEL

Det er Noregs Mållag som deler ut prisen og det er mållaget som har kunngjort prisutdelinga i ei pressemelding. Nynorsk Barnelitteraturpris vart delt ut for første gong i 1968. Prisen er på 30 000 kroner. Gudrun Kløve Juuhl, Marthe Frette og Knut Åge Teigen har sete i juryen.

– Sjølve lesinga av vinnarboka tek ikkje lang tid, men inntrykka sit lenge att. Ein sår og sterk roman som tek ungdom på alvor, skriv juryen mellom anna i grunngjevinga.

Prisen vert delt ut 30. juni på ei markering under Dei nynorske festspela.

Her er noko av juryen si grunngjeving:

Sjølv om tematikken er tung og boka stillferdig, er boka tilgjengeleg for mange fordi ho ikkje er fullpakka med tekst. Boka imponerer fordi ho nærmar seg døden på ein lågmælt måte, med respekt for forteljaren og det ho ikkje vil snakka om. Boka har mykje vemod i seg, men vert aldri for sentimental.

Mykje av styrken til boka ligg i alt det som ikkje vert uttalt og ikkje vert sagt. Dette gjer boka løyndomsfull og mystisk, men på ein måte som mange ungdomslesararar truleg vil vera i stand til å gripa. Der andre ungdomsbøker verkar opptekne av at det skal skje mest mogleg med eit mest mogleg ungdomsaktig språk for å halda på lesaren, held denne boka seg i stilla og ventinga. Det er flott og modig gjort, og gjennomført på ein elegant måte.

Samspelet mellom tekst og illustrasjonar i boka er med på å forsterka stemninga og kjenslene forteljinga skapar. Snø er eit gjennomgangstema både gjennom ord og bilete, som til dømes faren si forteljing om snøkrystallar som «kjem ut av ingenting og svevar gjennom verda ei kort stund, uendeleg vakre og heilt spesielle».

Artikkeltags