I Herøysund har vi Bringedalsbygda. Men kor er Bringedalen?

Tor Bringedal viser oss ein av stadene som er omtalt i boka, den tidlegare husmannsplassen Spannsteigen under garden Bakkjen i Helvik.

Tor Bringedal viser oss ein av stadene som er omtalt i boka, den tidlegare husmannsplassen Spannsteigen under garden Bakkjen i Helvik. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Dette og mangt anna om bygda finn du gode svar på i Tor Bringedal si nye historiebok om Herøysund.

DEL

Tor Bringedal er ute med den tredje boka si. Denne gongen er falkeblikket hans retta mot eiga bygd.

På litt over 600 sider er historia om Herøysund, frå Raudstein til Lio, grundig dokumentert av den pensjonerte læraren og personalmannen i Bringedalsbygda.

Seks kapittel vart det i alt. Dei tre første handlar om historiske hendingar og folketalsutvikling frå 1850 og fram til i dag. Kapittel 4 handlar om skulen, kapittel 5 om frivillige organisasjonar, medan det sjette og siste kapittelet dreier seg om stadnamn.

«Frå Bringedalsbygda til Herøysund. Bygdehistorie frå 1850–2018» er tittelen på den vaksne boka.

– Bygda har vore gjennom kraftig utvikling i fleire periodar, ofte med utgangspunkt i tilflytting eller fråflytting, altså i folketalsendring, fortel forfattaren.

Bygda opplevde relativt stor tilflytting frå 1850 og utover, og fekk sin første faste skule i 1862, like i nærleiken av dagens grendahus. I 1902 vart denne for liten og ny skule vart reist, nemleg den som i dag er grendahus. Etter industrireisinga på Husnes opplevde bygda ny tilflytting, og dagens skule vart bygd. Den ligg på nedsida av vegen, men ber framleis namnet Bringedalsbygda skule.


Bringedalsbygda og Herøysund

– Før låg dei fleste husa på oppsida av hovudvegen og bygda heitte Bringedalsbygda. Etter nokre rundar med vekst kom det stadig fleire hus på sjøsida av vegen, og litt etter litt vart det offisielle namnet på bygda Herøysund, fortel Bringedal.

Har du som les lurt på om det finst ein dal som heiter Bringedal i bygda? Forfattaren kan svara på det:

– Nei, det finst ingen dal som heiter Bringedal, og det har heller ikkje lykkast meg å finna ut kva namnet kjem av. Dette er faktisk eit merkeleg fenomen som ingen eg har møtt kan forklara, seier han.

Men dei fleste andre stadnamna i bygda har forfattaren gode forklaringar på i boka si.

Han tek oss med til ein tidlegare husmannsplass, nærare bestemt til idylliske Spannsteigen under garden Bakkjen i Helvik. Plassen ligg høgt og fritt med utsikt over heile bygda og langt utover fjorden. Berre murane står att på det som no er beite for villsauer.

– Her budde Kristian Torbjørnson saman med kona og fire born i 1865. Det budde folk på denne husmannsplassen fram til rundt hundreårsskiftet 1800/1900, fortel han, som eksempel på noko av det boka hans byr på av informasjon om bygda, gardane, husmannsplassane, klyngetuna, utskiftinga og mangt anna.

– Det ligg mykje arbeidet bak dette?

– Spør meg ikkje om kor mange timar som ligg bak, for det kan eg ikkje svara på. Men eg har halde på i tre år, og i periodar har arbeidsdagane vore ekstra lange.

– Kva er det som driv deg?

– Først og fremst eiga interesse for det som har vore. No er det ikkje lenger så farleg om eg gløymer ut noko, for eg kan berre slå opp i boka og finna det der. Men sjølvsagt håpar eg at folk i bygda også finn stoffet interessant, ikkje minst tilflyttarar. Å kjenna historia til bygda ein bur i, er bra for identitetskjensla, meiner Bringedal.

Gode kjelder

Gode kjelder er viktige når historiske bøker skal skrivast. Bringedal fortel om djupdykk i mange typar offentlege arkiv, og også private arkiv.

– Materialet etter Gunnar Skogtun har vore ei god og viktig kjelde i arbeidet, fortel Bringedal.

I tillegg har han intervjua ei rekkje personar i 80- og 90-årsalderen med røter i bygda. Av andre rettar han ei spesiell takk til Hermund Fenne og Lars Henrik Skogtun.

– Arbeidet har tatt lang tid, men har vore spennande. Eg er klar over at etterspørselen etter historiske bøker som dette gjerne ikkje blir formidabel, så det ventar eg meg ikkje. Men ei viss interesse er det lov å håpa på, seier forfattaren.

Boka er gitt ut på forfattaren sitt eige forlag/selskap, Bringedal AS, trykt hos John Grieg i Bergen, brekt av Geir Berntzen og korrekturlesen av Hermund Fenne.


Artikkeltags