Varm og nær forfattardebut

Forfattar Kristian Hus (t.h.) vidareformidlar nære møte med eldre kvinnheringar i boka si «Godt vaksen». Her intervjuar han Wenche Skaaluren. (Foto: Kristen Børje Hus).

Forfattar Kristian Hus (t.h.) vidareformidlar nære møte med eldre kvinnheringar i boka si «Godt vaksen». Her intervjuar han Wenche Skaaluren. (Foto: Kristen Børje Hus).

Artikkelen er over 3 år gammel

Kristian Hus (75) har gitt ut si første bok med god hjelp frå familien. Den handlar om livet før og no, fortald av 12 godt vaksne kvinnheringar, og ført i pennen av Hus.

DEL

Boka har fått namnet «Godt vaksen – Kvinnheringar fortel og reflekterer over livet», og er basert på intervju av 12 eldre kvinnheringar som alle har levd over 90 år og kjem frå ulike bygder. Dei fortel om ungdomstida og det å bli gammal, og det å sjå livet både framover og bakover. Boka inneheld livsvisdom og unike erfaringar som bør vera interessant å lesa for folk i alle aldrar. Det er eit tungt emne, men ei «lett» bok med lett tilgjengelege tekstar, beskriv utgivaren.

– Eg har fått innblikk i mange interessante lagnader, lært mykje om korleis det var å leva på 20- og 30-talet og lytta til reflekterte tankar om slutten på livet, har forfattaren uttalt til Kvinnheringen i eit tidlegare intervju.

I tillegg til dei 12 intervjua har tre personar i ulike aldrar bidrege med kvar sine essay.

Hjelp av familien

Boka er eit godt samarbeid mellom far og son: forfattar/skribent Kristian Hus, og sonen Kristen Børje Hus som er grafisk designar med eige enkeltmannsføretak i Bergen. Og skal vi tru sonen Kristen Børje har samarbeidet gått smertefritt:

– Pappa starta prosessen med boka tidleg i år. Han intervjua dei 12 personane i boka, og leverte stoffet etter kvart som det var ferdig til meg. Eg har tatt bilda til boka, og skissert ut korleis sidene skulle sjå ut. Vi har kvar vår kompetanse, og fordi eg gjennom firmaet mitt Multipleks Design er utgivar, trong vi ikkje redaktørar og språkvaskarar. I tillegg har mor mi, Solveig, og bror min Geir, vore konsulentar, fortel Kristen Børje.

Boka er med andre ord eit skikkeleg familiesamarbeid.

Boka er illustrert med portrettbilde av dei som er intervjua, og i tillegg detaljbilde frå heimane deira som gir lesarane eit innblikk i liva deira. Omslaget har illustrasjonar i raudt, oransje og gult, og skal illustrera solstråler:

– Omslaget er ofte det vanskelegaste. Men boka handlar ikkje berre om alderdom, men også soloppgangar og solnedgangar, ei reise frå morgon til kveld, i overført tyding. Då syntest vi det passa med eit slikt omslag, lystig, lett og luftig, fortel Kristen Børje.

Boka er førebels trykt opp i 600 eksemplar, og er å få kjøpa i lokalbutikkar i bygdene. Den kan også bestillast frå Multipleks Design si nettside.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags