Lanseringsfesten er lagt til Falturiltu-festivalen på Stord laurdag 7. november og Kapabel er forlaget bak boka.
– Eg er blitt forfattar på slump, seier Totland sjølv på spørsmål om kvifor han har begynt å skriva bøker, og om han ikkje får stetta skrivebehovet sitt som journalist i Sunnhordland.
Heilt på slump trur vi neppe det er, ikkje etter å ha lytta til kva han har å fortelja. Nemleg at han har skrive ned mange forteljingar dei siste åra, først og fremst for å ha noko å lesa for sine eigne born. His-toriene prøvde han så med hell på andre born, og også på forlag.
– Ingen av desse historiene er med i boka som kjem no. Men med litt omarbeiding kan det koma seinare, seier forfattaren med eit lurt smil.
I tillegg til den inspirasjonen borna hans gir, finn han mange gode historier undervegs på tur i naturen, det vere seg til fjells eller på Valeøya.
– Det er mykje godt stoff å finna utomdørs.
Ein ekte bestefar
Historia i den ferdige barneboka er også laga for borna hans. Særleg Emil på seks år synest denne er spennande. Boka handlar om oppdikta vampyrar og ekte besteforeldre, i alle fall ekte bestefar, etter det vi forstår. Bestefar er prest og blodgivar, men til vampyrane gir han ingenting. I staden leitar vampyrane etter blod andre stader. For eksempel i dei raude epla i bestefar sin hage. Vampyrane trur visst det er blodappelsinar. Rett som det er kjem dei og forsyner seg av den freistande frukta, til stor irritasjon for bestefar. Ein søndag følgjer vampyrane etter preste-bestefar til kyrkja. Nett denne dagen er det nattverd. Vampyrane trur det er blod i staupa og hiv glupsk innpå. Det skulle dei ikkje ha gjort, for dei toler det ikkje. Ei heller toler dei synet av krossane dei ser. Vampyrane blir heilt grøne i fjesa, og vips, så går dei i oppløysing. Glad og letta syklar bestefar heim igjen og kosar seg med eple – utan å vera redd for vampyrane. Han et og et – like til han òg blir grøn i fjeset...
Ingen moral
– Er det ein moral i boka di?
– Nei. Eg skreiv forteljinga for at sonen min Emil skulle ha noko kjekt å lesa. Nokon djup moral eller bodskap har eg ikkje tenkt særleg på, men det er interessant at andre funderer på om for eksempel desse epla kan ha ei symbolsk tyding, og kva som eigentleg skjer med bestefar til sist i boka, seier han.
Emil likte forteljinga svært godt, men han vart skuffa då han såg teik-ningane, som er godt laga laga av illustratør Nina Flatnes Bratbak.
– Han vart faktisk kjempelei seg då han såg korleis bestefaren var teikna. Emil meiner at den verkelege bestefaren er både yngre og finare. Sjølv er eg godt fornøgd. I motsetnad til bestemora liknar han faktisk litt, endå teiknaren aldri har sett nokon av dei.
– Og kva synest bestefar sjølv, presten Totland, om forteljinga?
– Eg trur han likar den, sjølv om han neppe står inne for at vampyrar er velkomne til nattverd, eller at presten syklar i prestekjole. Men han seier som vi pleier i familien: Ein får skjemmast av seg sjølv.