Aktuell spenningsroman for ungdom

Slik ser bokframsida til «Nedteljing» ut. (Foto: Gyldendal).

Slik ser bokframsida til «Nedteljing» ut. (Foto: Gyldendal).

24. oktober lanserte Gyldendal forlag ei ny Anders Totland-bok; «Nedteljing».

DEL

Inspirert av ei faktisk hending, har Totland skrive det forlaget karakteriserer som ein klaustrofobisk spenningsroman retta mot ungdom. Her er det Gyldendal avslører om handlinga på forlaget si heimeside:

«Viggo er forelska i kjærasten til bestekameraten. Situasjonen er heilt håplaus, fram til Viggo blir introdusert for konseptet chatroulette. I motsetning til jentene på skulen, er jentene han møter på internett som henta ut av ein våt draum. Men kva skjer når draumen blir til mareritt?

Fengslande og dramatisk om kor fort livet kan endra seg, skrive av ein av våre mest lovande ungdomsbokforfattarar».

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags