Kvinnhersminne nummer 19 snart for sal

«I leik og alvor» er tittelen på den 19. utgåva av Kvinnhersminne som kjem for sal til helga.

DEL

– Kvinnherad Sogelag tek kanskje ikkje så stor plass i mediebiletet. Men laget arbeidar jamt og trutt med saker som handlar om den lokale historia vår, og dokumentasjon av den. Dessutan bistår vi andre som på eit eller anna vis treng laget si støtte til lokalhistoriske prosjekt, fortel styret i sogelaget i ei pressemelding.

Annakvart år gir sogelaget ut Kvinnhersminne, og laurdag 12. oktober kjem den nittande utgåva i handelen. Styret i laget har delteke aktivt, både som bidragsytarar, og kontaktar til andre som har bidrege med viktig dokumentasjon på både gammal og nyare historie frå kommunen vår. Dei siste utgåvene har hatt eit hovudtema, men denne gongen kom det så mange artiklar med ulike emne, at ein valde å gå bort frå dette, opplyser styret i pressemeldinga.

– Denne utgåva tek for seg alt frå «Den første leidangen» til oppvekst på Husnes i 1950- åra. Vi meiner det såleis vil finnast noko av interesse for eit breitt publikum.

Bokpresentasjon

Torsdag kveld 10. oktober er bidragsytarar, sogelagsmedlemer og andre velkomne til gamleskulen i Uskedalen (ved grana i sentrum) på bokpresentasjon. Det blir litt underhaldning, orientering om boka og bidragsytarane, og enkel servering.

– Vel møtt, helsar Kvinnherad Sogelag.


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags