Spennande historier om dei som ligg gravlagde i Kvinnherad

Slik ser framsida av den nye boka til Morten Nygård ut.

Slik ser framsida av den nye boka til Morten Nygård ut.

Boka til Morten Nygård «Kjært er minnet – Små og store soger frå kyrkjegardane i Kvinnherad» er no i sal.

DEL

«Kjært er minnet» er fyrste band av to bøker som vil presentera små og store soger frå alle kyrkjegardane i Kvinnherad, ifølgje ei pressemelding. I denne første boka har forfattar Morten Nygård vitja følgjande kyrkjegardar: Ænes, Rosendal, Uskedalen, Ølve, Valen Asyl, Valen gamle, Holmedal gamle, Varaldsøy gamle, Kaldestad, samt koleragravplassane på Hamarhaug, Svortevik og Toftehagen.

Boka tek for seg ein del historiske fakta om bygdene, kyrkjene og kyrkjegardane, men det viktigaste er å fortelja om nokon av dei mange tusen som ligg gravlagde der. Her kan lesarane bli litt meir kjende med folk som levde uvanlege liv, folk som døydde i tragediar, folk som sette spor etter seg, folk som levde nøysame liv, og folk som ofra alt for landet sin fridom.

«Kjært er minnet» er basert på artikkelserien som stod på trykk i Grenda vinteren, våren og sommaren 2018, men dei ulike kapitla er til dels monaleg utvida. Boka er på 270 rikt illustrerte sider. Den er i sal hos utvalde lokale butikkar.

bokhandlarane i Rosendal og på Husnes, og i tillegg på matbutikkan

Bok nummer to, som tek for seg resten av kyrkjegardane, samt ein god del anna relatert og historisk stoff, har ikkje fått nokon utgjevingsdato enno. Planen var opphavleg å lansera ho til hausten, men det er mogleg tida blir for knapp til det. Alternativet er februar/mars 2020, står det vidare i pressemeldinga.

«Kjært er minnet» er den andre boka Morten Nygård har skrive. Han har tidlegare gitt ut «Det løfter livet. Soga om kunstnaren Johannes L. Ness 1865-1944» i 2006.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags