Uvanleg boklansering ved biblioteket

Ei uvanleg boklansering går av stabelen ved Kvinnherad bibliotek når Kristin Schulerud måndag presenterer si nye bok «Hender».

DEL


Kristin Schulerud debuterte i 2016 med diktsamlinga «Suite. Eg vil danse deg i møte». Denne hausten er ho aktuell med boka «Hender» som kjem ut på Kapabel forlag, ei samling episke forteljingar i diktform. Mykje av innhaldet er altså bygd på eigne erfaringar og opplevingar. Presentasjonen måndag vert ei retteleg oppleving for fleire sansar, med illustrasjonar av Karin Bøe, Kristin sin eigenkomponerte klavermusikk og opplesing av utdrag frå boka.

– Tekst og musikk har blitt til i same tidsrom - begge delar har dette flytande elementet som noko gjennomgåande ved seg og passar godt saman, fortel Schulerud.

Vidare fortel ho at ho har arbeidd med boka i 2,5 år. Karin Bøe sine illustrasjonar har kome til i løpet av det siste halvåret.

Dei to kvinnene har begge atelier i Kunstverkstaden i Rosendal, og er kjende for mange kvinnheringar etter å ha arbeidd lenge ved kulturskulen. Schulerud som pianolærar og Bøe i kunstklassane.

Tuva

I «Hender» møter vi hovudpersonen Tuva, som i vaksen alder gjer eit djupdykk i forholdet til mor si. Tuva og mor har eit sterkt og nært forhold og Tuva er lukkeleg i nærleiken til mor .

– Etter kvart skjer det ting som gjer at Tuva ikkje vil vera i vegen eller til bry - ho trekkjer seg litt vekk.

Tuva opplever i aukande grad at «nærleiken brest i kontrollen sitt famntak», som det står i eit av dikta i boka, fordi mor styrer i detalj alle stega hennar i kvardagen med fast hand. Boka skildrar sterke kjensler, sakn og lengsel når dei to famlande prøver å finna attende til den tapte nærleiken frå barndommen.

Hender

– Kva kan du seia om tittelen på boka?

Schulerud forklarer at tittelen har vakse fram etter kvart i prosessen.

– Hender er noko som går att i tekstane. Dei er jo svært sentrale i kvardagen og i all aktivitet. Med dei kan vi til dømes både kjærteikna og slå, omfamna og skyva frå oss.

Som pianist er det å ikkje kunne nytta nettopp hendene noko ho fryktar og fortel at mor hennar hadde store problem med revmatisme i hendene.

– Hendene våre er så utruleg viktige!

«Hender» kom frå trykken førre tysdag og vart lansert på Bergen offentlege bibliotek søndag. I tillegg til arrangementet ved Kvinnherad bibliotek måndag vert boka lagt ut for sal ved Rosendal bokhandel laurdag nittande utpå føremiddagen.

– Då skal eg vera der, spela litt og eventuelt signera om nokon ynskjer det, seier Schulerud.

Utdrag frå boka:

"I lengtande trav

spring fola mot ope lende

usynlege hinder kastar henne til jorda

samankrøkt rullar ho seg rundt før ho tek

ny fart og sparkar ifrå"


Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags