Bokslepp på Sunde fredag kveld

Boka er gitt ut av Kapabel forlag. Bildet er eit utsnitt av bokomslaget.

Boka er gitt ut av Kapabel forlag. Bildet er eit utsnitt av bokomslaget.

Fredag 27. oktober inviterer Sunde kyst- og litteratursenter til bokslepp om motstandsmannen Bjarne S. Thorsen. Boka har undertittelen «Kva skjedde – eigentleg?»

DEL

Boka er gitt ut på forlaget Kapabel, og forfattar er Eirik Eldøy, barnebarnet til Bjarne S. Thorsen.

Det har lenge vore kjent at ekspeditøren, rutebileigaren og postopnaren Bjarne S. Thorsen og familien var aktive i motstandsarbeidet under krigen, men kva som eigentleg skjedde har vore lite belyst. Etter krigen snakka ikkje Bjarne S. Thorsen så mykje om motstandsarbeidet og dei spanande, vanskelege og dramatiske hendingane han, familien og dei andre deltakarane i nettverket hadde vore med på. Han undertrykte dette med mykje arbeid. I eldre dagar kom dei sterke og traumatiske opplevingane til overflata, og han var villig til å fortelje litt om krigsåra, motstandsarbeidet, flukta til Sverige, tenesta i Den norske Marinen i England og dei farlege opplevingane i britisk farvatn. Det har vore eit puslespel å setje saman historia om dei dramatiske åra, men ho fortener å verta fortald, går det fram av ei pressemelding.

Otto Ersland frå Kapabel kjem og fortel litt om prosessen rundt boka, og forfattar Eirik Eldøy viser gamle bilete og fortel om minner frå barndommens Sunde og bestefaren Bjarne.

Artikkeltags