Ny bildebok frå Utåker

Artikkelen er over 4 år gammel

Neste veke kjem det ut ei rykande fersk bildebok frå Utåker bygdelag.

DEL

Boka har fått tittelen «Bilete frå høgtid og kvardagslivet på Utåker/Holmedalsstranda». Boka kjem ut tre år etter at bygdelaget gav ut bygdeboka om Utåker. I samband med arbeidet med bygdeboka vart det samla inn eit stort bildemateriale. Ikkje alle bilda kom den gongen med i bygdeboka, men så dukka ideen om ei bildebok opp.

– Boknemda har i ettertid samla inn meir bildemateriale frå innbyggjarane og utflytta Utåker-buar, med tanke på å gje ut ei slik bildebok, fortel Konrad Anfinsen i boknemnda.

Med seg i nemnda har han hatt med seg Malvin Amundsen, Kjell Ot-tar Bauge, Terje Eikemo, Oddvin Heimvik, Reidar Heimvik, Elisabeth Nesøy, Sverre Vevelstad og Arnfinn Ølfarnes.

Dei har valt å presentera bilda etter same emne som i bygdeboka.

– Det har ikkje vore lett å prioritera kva bilde vi skulle ta med. Vi fekk inn dobbelt så mange bilde som det vi kunne ta inn i boka, seier Anfinsen.

Dei bilda som det ikkje er funne plass til i boka, er tekne vare på gjennom ei datafil som bygdelaget disponerer. Kanskje vil dei bli gjort tilgjengelege på bygdelaget si heimeside.

I «Bilete frå høgtid og kvardagsliv på Utåker\Holmedalsstranda» vert det presentert bilde frå tidleg på 1900-talet og fram til i dag.

– Boknemnda vil takka alle som har bidrege med bilde også i den nye innsamlingsrunden. Vi håpar denne bildeboka, saman med bygdeboka frå 2012, vil supplera historia til innbyggjarane på Utåker og Holmedalsstranda, seier Konrad Anfinsen.

Det vert bokslepp i Utåker bygdehus komande måndag.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags