Live-streaming av gudstenester i påsken

(Illustrasjonsbilde: Jan-Ove Fagerheim).

(Illustrasjonsbilde: Jan-Ove Fagerheim). Foto:

Av
DEL

Påsken er her, den store høgtida innan kristendommen. Dette kjem til å verta ei påskehøgtid dei fleste av oss seint vil gløyma. Det meste er annleis, og ulike tradisjonar må dette året leggjast til sides på grunn av korona-pandemien.

I Kvinnherad har me 12 kyrkjer, og frå Palmesøndag til og med 2. Påskedag var det planlagt ikkje mindre enn 17 gudstenester og samlingar. Dei fleste av desse er heilt avlyst, men det vert gjennomført eit par enkle dåps-gudstenester med berre dei næraste til stades også i påsken. I nokre kyrkjer vil det og verta lagt til rette for open kyrkje nokre timar ein dag i påskehelga. Oversikta stod på trykk i måndagsavisa.

Men Langfredag og 1. Påskedag ynskjer me å invitera oss heim til deg med ei påskehelsing, med musikk, song, bibeltekstar og påsketankar. I den digitale kvardagen me lever i har mange nytta internett til å halda kontakten med kvarandre den siste månaden. Denne moglegheita ynskjer me i kyrkja òg å nytta oss av.

I samarbeid med både Kvinnheringen og Grenda, samt lokale mediafolk med Oddbjørn Kloster i spissen, vil det fredag kveld vera mogleg, via skjermen, å verta med på Langfredagssamling frå Husnes kyrkje klokka 20. Organist Marit Lindekleiv har fått med seg ulike aktørar som formidlar påsken sin bodskap gjennom ord og tonar. Søndag er det påskedag. Då vil jubeltonar og ord til trøyst og oppmuntring lyda frå Kvinnherad kyrkje klokka 11. Kantor Eva Megyesi har fått med seg musikalske krefter til å delta her, og sokneprest Kjersti B. Boge leier oss gjennom gudstenesta.

Sendingane vil du finna både på Kvinnheringen og Grenda sine nettaviser, samt på Facebook. Lokalavisene har vore så storsinna at begge sendingane vil liggja opne for alle, slik at ein ikkje treng abonnement for å sjå desse.

Me håpar at mange kvinnheringar, ja, andre òg sjølvsagt, vil setja pris på dette tilbodet. I ei tid der ein ikkje kan oppsøka fellesskap i kyrkje eller bedehus på vanleg vis, håpar me at dette kan verta ein fin og verdig måte å feira påske på. Me ynskjer at du skal få moglegheit til å kjenna at du ikkje er åleine i denne tida som kan opplevast som både utfordrande og vanskeleg for mange.

Espen Eckbo sin humoristiske karakter, Asbjørn, sa det så bra: «Det er nå vi må vise at vi står sammen - ved å sitte hver for oss».

På vegna av kyrkja

Jan-Ove Fagerheim

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags