Ingunn Eikeland (49) tar over Bunadskroken

TAR OVER: Ingunn Eikeland, som er busett i Bergen, men opphavleg frå Lyngstranda, tar over Bunadskroken på Løfallstrand frå nyttår av.

TAR OVER: Ingunn Eikeland, som er busett i Bergen, men opphavleg frå Lyngstranda, tar over Bunadskroken på Løfallstrand frå nyttår av.

Artikkelen er over 2 år gammel

Eikeland blir frå nyttår av ny eigar av Bunadskroken på Løfallstrand.

DEL

I 1990 såg Bunadskroken dagens lys for første gongen, i kjellarstova til Margit Tufta. Året etter fekk Tufta med seg Oddny Leganger som tilsett i einmannsføretaket sitt, og sidan den tid har dei to produsert ei lang rekkje Hardanger- og Kvinnherad-bunadar, med base i den tidlegare skulen på Løfallstrand. Men no er dei i ferd med å gje seg, og til nyttår er dei pensjonistar. I fjor haust søkte dei etter ein arvtakar gjennom ein reportasje i Kvinnheringen, og arvtakaren dukka etter kvart opp. Ho heiter Ingunn Eikeland, og bur i Bergen, men er oppvaksen på Lyngstranda.  

– Eg har starta mitt eige einmannsføretak, og er klar for å ta over Bunadskroken. Det blir veldig spennande, smiler Eikeland.

Dei siste månadane har ho vore med i systova nesten dagleg for å læra av dei to røynde bunadssyerskene, og ho fortel om ei bratt læringskurve med mykje nytt å setja seg inn i.

– Eg har alltid likt å sy, og meistrar symaskinen godt, men bunadar har eg ikkje sydd før eg kom hit. Difor øver eg intensivt no om dagen, slik at eg kan klara meg for eiga hand når Oddny og Margit gir seg til nyttår.

– Skal du vera heilt åleine?

– Til å begynna med blir det berre meg ja, men så får vi sjå kva som skjer etterkvart, kva drifta og marknaden opnar opp for.

Skal pendla

Eikeland er eigentleg spesialsjukepleiar ved kreftavdelinga på Haukeland sjukehus, og har i tillegg ein mastergrad i helsefag. Men kvardagen på det store bergenssjukehuset blei etterkvart for travel og belastande, i tillegg til at trongen for å skapa noko med hendene blei sterkare og sterkare.

– Då eg høyrde at Bunadskroken var for sal, kjende eg at det lokka veldig, og sidan eg likevel måtte byta jobb av helsemessige årsaker, var eg veldig lysten på ein jobb som dette. Men eg måtte gå fleire rundar med meg sjølv og familien før eg bestemde meg, ikkje minst på grunn av pendlinga. Men den var det i grunnen eg som var mest skeptisk til av alle i familien, blunkar den gifte tobarnsmora.

Ho skal nemleg pendla frå Bergen til Kvinnherad kvar søndag kveld, og så vil ho halda Bunadskroken ope frå måndag til og med onsdag, i same lokalet som den er i dag. Så er det heim til Bergen igjen onsdag kveld, men med arbeid i kofferten.

– Målet er at dette skal vera ein fulltidsjobb, så eg kjem til å jobba frå «heimekontor» torsdagar og fredagar.

Eikeland har eit mål om å sy bunadar til begge kjønn. Til liks med dei to forgjengarane kjem ho til å tilby både Hardanger-bunaden og Kvinnherad-bunaden.

– Eg synest spesielt herredrakta til Kvinnherad-bunaden er heilt fantastisk flott, og håpar eg får mange bestillingar på den, seier ho.

Eikeland synest det er både rart og spennande å skulla koma heim til Kvinnherad – sånn halvvegs i alle fall – etter 30 år i Bergen.

– Det er ei merkeleg kjensle, men spennande òg. Spent er eg òg på dette med å skulla læra meg noko heilt ned til botn, og til og med leva av det. Éin ting er å sy bunaden i seg sjølv, men endå meir utfordrande er det at den skal sitta perfekt på den som skal ha den. Det er mykje å tenkja på, men eg er veldig motivert og gler meg, smiler Eikeland.

Gler seg gjer også Margit Tufta og Oddny Leganger.

– Det skal bli ein fornøyelse å gje seg no, det er heilt sikkert. Og veldig kjekt at vi har fått nokon til å ta over, slår dei fast.

– Kva skal de bruka den nyvunne fritida til?

– Til å gjera kva vi vil. Gå mykje på tur, og nyta det, seier Tufta.

– Legg du vekk symaskinen heilt no?

– Symaskinen står no heime den, men eg veit ikkje kor mykje den kjem til å bli brukt. Kanskje eg kan læra mannen opp, slik at han kan leggja opp buksene sine sjølv, ler ho.

Artikkeltags