Ny dyreklinikk

DYREKLINIKK: Her reiser den nye dyreklinikken på Løfallstrand seg.

DYREKLINIKK: Her reiser den nye dyreklinikken på Løfallstrand seg.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

I september vert den nye Folgefonna Dyreklinikk på Løfallstrand opna.

DEL

Bak det nye føretaket står Anita Maurangsnes Mæland og mannen Christian Maurangsnes Mæland. I juli flyttar dei, saman med dei to døtrene sine på fem og to og eit halvt år, til Kvinnherad.

– Dette gler vi oss veldig til. Det har vore eit sterkt ønske frå meg i mange år, seier Anita.

Ho kjem frå Løfallstrand. I desse dagar er det nye bygget som skal romma både bustad og smådyrsklinikk i ferd med å reisa seg.

Christian Maurangsnes Mæland er utdanna veterinær og har sidan 2006 hatt arbeidet sitt ved ein større dyreklinikk på Lillestrøm. Etter at han var ferdig utdanna veterinær har han teke spesialutdanning på tenner.

– Vi tek i mot smådyr frå hundar og nedover, seier Anita.

Ho er sjølv utdanna sjukepleiar, men skal jobba i 50 prosent stilling ved den nye smådyrsklinikken, der ho blant anna skal assistera ved operasjonar.

– Vi skal ha dyreklinikk i første etasje og bustaden vår i andre etasje. Det er veldig praktisk og gjer at vi kan vera tilgjengelege stort sett heile døgeret, seier Anita.

Det er rundt 15 år sidan ho flytta frå Kvinnherad. No håpar ho at den nye dyreklinikken vert teken godt imot i heimbygda si, og at folk støttar opp om tiltaket.

– Vi har fått veldig mange positive tilbakemeldingar etter det vart kjent at vi skulle opna dyreklinikk i Kvinnherad. Det ser ut som det kan vera ein marknad for dette, seier Anita.

Den nye veterinærtenesta på Løfallstrand vil altså i hovudsak vera retta mot smådyrsmarknaden, der det har vore mangel på eit fullgodt veterinærtilbod her i kommunen. Mange har måtta reisa til Os, Odda, Haugesund og Stord med kjæledeggane sine grunna manglande kapasitet og kompetanse i Kvinnherad.

I tillegg til å driva eigen praksis, så ønskjer den nyinnflytta veterinæren å ta del i den kommunale vaktordninga for veterinærar i kommunen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags