Gå til sidens hovedinnhold

«Løgn og bedrag!»

MEININGAR

Barn og unge blir ikkje skjerma. Dei ber faktisk ein stor del av byrden for at samfunnet i størst mogleg grad skal fungera på dei vaksne sine premissar under pandemien. I Bergen må skulane og fritidsaktivitetar for dei minste stenga på grunn av smitte på fleire byggeplassar. Dei vaksne spreier smitten, og ungane må ta støyten. Vi har også friskt i minne at det var kaos i delar av Oslo-området då regjeringa prøvde å stenga Vinmonopolet av smittevernhensyn. Men når småskulen og aktivitetar for dei minste blir stengt av same grunn, er det ingen vaksne som går amok.

Nedstenging av sosiale aktivitetar går klart mest utover barn og unge. Dei er i ein livsfase der dei er programmerte til å vera saman med andre, utforska, læra og finna seg sjølve og sin plass. Vi vaksne har passert den delen av livet og tapar betydeleg mindre på å vera isolerte.

Vi bevilgar òg milliard etter milliard for å støtta kapitaleigarar og sikra arbeidsplassar, men eg har til gode å få med meg at det er gitt ei krone til dei små. Har til dømes ikkje høyrt om ei einaste ny stilling i politiet eller barnevern som har ansvar for å bøta på den betydelege auken i vald og overgrep mot barn.

Mogleg vi ikkje kunne løyst krisa på annan måte, men vi må iallfall slutta å gøyma oss bak bløffen om at krisetiltaka i stor grad skjermar dei yngste.

Svein J. Mo

Kommentarer til denne saken