Som omtala i haust, har Kvinnherad studiesenter fått 1,8 millionar kroner til eit fagskuletilbod i kreftomsorgutdanning og lindrande pleie.

Næringslos Frode Hetlevik ved Kvinnherad næringsservice, som administrerar studiesenteret, fortel at det no er bestemt at studiet startar opp måndag 20. mars, og at første samling blir i Kvinnherad.

– Studentar både frå Voss, Kvam og Kvinnherad blir inviterte til å ta dette studiet, som allereie har fire påmelde så langt. Det må vera minimum 10 stk. påmelde for at studiet blir sett opp på denne datoen. Om ikkje, blir det utsett til hausten 2023, fortel Hetlevik til Kvinnheringen.

Han legg til at kor dei andre samlingane kjem til å bli å haldne, kjem an på kor mange studentar ein får her i Kvinnherad. Hetlevik oppmodar altså potensielle studentar til å melda seg på dette studiet, som gir 60 studiepoeng.