Hólmfríður blei nest beste kvinne i Bergen City Marathon

Hólmfríður Aðalsteinsdóttir frå Valen (t.v.) tok ein imponerander andreplass i kvinneklassen i heilmaraton i helga. (Foto: Bergen City Marathon/Magne Turøy).

Hólmfríður Aðalsteinsdóttir frå Valen (t.v.) tok ein imponerander andreplass i kvinneklassen i heilmaraton i helga. (Foto: Bergen City Marathon/Magne Turøy).

Ein stor delegasjon kvinnheringar deltok i helga på Bergen City Marathon. Hólmfríður Aðalsteinsdóttir (43) frå IL Trio blei nest beste kvinne av alle som sprang fulldistansen heilmaraton.

DEL

Fjordkraft Bergen City Marathon er eit årleg by-løp i Bergen arrangert av Turn og Idrettsforeininga Viking. I år var det svært mange kvinnheringar som deltok, utan at Kvinnheringen har oversikt over nøyaktig kor mange.

Mest imponerande var det at Hólmfríður Aðalsteinsdóttir frå Valen tok andreplassen i heilmaraton med tida 3.06.15, berre slått med 40 sekund av ho som vann førsteplassen. Ho hevda seg på eit svært høgt nivå mot jenter i 20-åra. Også Tarjei Tjeldflåt frå Valen gjorde det svært bra på fulldistansen, med den formidable tida 3.03.16. Han blei nummer 16 av samtlege deltakarar på fulldistansen. Gunnar Vaage sprang heilmaraton på tida 3.28.58 i klassen 60–64 år.

Elles tok Erlend Nymark Jensen fjerdeplassen i halvmaraton totalt, med tida 1.13.48. Han spring for BFG Bergen Løpeklubb.

Her er nokre andre Trio-tider på halvmaraton:

Terje Røssland Nes 1.33.49 (klasse 45-49 år)

Morten Gravdal 1.35.05 (40-44 år, Ternen IL)

Andreas Eide 1.37.15 (klasse 23-34 år)

Hildegunn Håland 1.39.27 (klasse 50-54 år)

Geir Arne Seglem 1.42.43 (klasse 40-44 år)

Trude Sundsteigen 1.44.09 (klasse 40-44 år)

Jon Einar Øvstebø 1.48.24 (klasse 23-34 år)

Vidar Olderkjær 1.54.45 (klasse 70-74 år, Gjøvik FIK)

Reidar Olderkjær 2.06.47 (klasse 65-69 år)

Håvard Røssland 2.07.02 (klasse 35-39 år)

Irene Olderkjær 2.09.34 (klasse 45-49 år)

Christian Sundsteigen 2.23.43 (klasse 35-39 år)

Kjell Arne Olderkjær Larsen 2.44.41 (klasse 50-54 år)

Liv Rose Olderkjær Larsen 2.44.42 (klasse 45-49 år)

Berit Kristine Rolland 2.47.41 (klasse 35-39 år)

(Kjelde: Are Ulseth på Facebook-sida IL Trio Friidrett).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags