Klart for Toftåsen opp

Toftåsen opp i fjor blei eit vellukka arrangement. (Foto: Emma-Kristin R. Reigstad).

Toftåsen opp i fjor blei eit vellukka arrangement. (Foto: Emma-Kristin R. Reigstad).

Artikkelen er over 3 år gammel

Søndag arrangerer 10. klasse ved Øyatun ungdomsskule løpet Toftåsen opp.

DEL

I år som i fjor blir det løp på Halsnøy, arrangert av skuleelevar. Hovudføremålet med Toftåsen opp er å skapa treningsglede hos store og små, og arrangørane håpar halsnøybuen, og andre kvinnheringar, tar med seg heile familien for å vera aktive denne søndagen. Starten av løpet går ved skulen. På veg opp til Toftåsen vil det vera aktivitetar og oppgåver for både små og store undervegs, og dagen blir avslutta med premieutdeling, kaffi og kaker, samt aktivitetar på skuleplassen. Av pengane som blir samla inn vil delar av beløpet gå til velgjerdsarbeid. Sjå plakatar eller «Toftåsen opp» på Facebook for meir informasjon og påmelding, skriv arrangørane i ei pressemelding.

Artikkeltags