Sletta 50 år gammal lagsrekord

Sindre Omvik imponerer stadig med prestasjonane sine. Her frå eit løp på Strandebarm tidlegare i sommar. (Arkivfoto).

Sindre Omvik imponerer stadig med prestasjonane sine. Her frå eit løp på Strandebarm tidlegare i sommar. (Arkivfoto).

Artikkelen er over 3 år gammel

Under eit friidrettstemne på Osterøy Stadion måndag kveld, sprang Sindre Solbakken Omvik sin første 1000 meter på bane. Då sletta han like godt Rosendal Turnlag-rekorden som har stått i heile 50 år (Thorleif J. Hellesøy, 2.40.9 på Ålgård 1966).

DEL

Løpet vart vunne av Tom Erling Kårbø frå Stord Idrettslag friidrett med tida 2,27,63. Kårbø er EM-deltakar og årets Norgesmeister på 3.000 meter hinder. Sindre spurta inn til andreplass og tida 2,28,86. Forutan å vera ny lagsrekord, er tida også den fjerde beste i Norge på 1.000 meter i år. Mange lurer på kor raskt 2 minutt, 28 sekund og 86 hundredelar på 1000 meter eigentleg er. For å få eit lettare forståeleg bilde, skriv Hatteberg, så må Sindre samanhengande springa 2 ½ x 400 meter på 59 sekund og 54 hundredelar, eller 10 x 100 meter på 14,89 sekund, eller 1,67 x 60 meter på 8,93 sekund.

Sindre har sidan han satsa seriøst på friidrett i januar, overteke lagsrekordane på 1000 meter, 1500 meter (3,53,66) og 3000 meter (8,36,63).

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags