Gå til sidens hovedinnhold

Skal du bryna deg på Postvegløpet?

Artikkelen er over 4 år gammel

Likar du å springa løp og halvmaraton treng du ikkje reisa til storbyen. På søndag er det klart for det fjerde Postvegløpet i rekkja, i flott natur mellom Tveitedalen på Utåker og Helland på Husnes.

Postvegløpet er ein halvmaraton, rundt 21,1 kilometer, og starten i konkurranseklassen går ved Ternebu i Tveitedalen. Terrenget er lett kupert, størstedelen på grus på Postvegen. Nokre parti spring ein på asfaltert veg. Det vil vera fire drikkestasjonar undervegs, mellom kvar femte kilometer, og løparar kan få bagasje som byteklede og liknande transportert frå startområde til målområdet. Etterpå blir det også buss til Ternebu og startområde der det er garderobe og dusj.

Men vil du ikkje springa løp kan du delta i trimklassen, som går frå Handeland gard. Unge løparar kan også prøva seg på «minimaraton» på 6,66 kilometer, også med start frå Handeland gard. Mål for alle klassane er ved Hellandsbrua, der det også blir premieutdeling. Ved målområdet blir det også kiosk, der du kan kjøpa av kaffi, pølser, fruktbeger, kaker og pinnebrød.

Klasseinndelinga blir slik:

Gutar 16–17 år, Gutar 18–19 år, jenter 18–19 år, menn 21–22 år, kvinner 21–22 år, menn senior 23–34 år, kvinner senior 23–34 år, menn veteran 35 år og eldre, og kvinner veteran 35 år og eldre. Trimklassen er ikkje på tid.

Kommentarer til denne saken