Øyatun-elevar arrangerer nytt løp

NYTT LØP: Brede Mehammer Tofte, Johanne Tofte Grønseth og Magnus Eide og resten av 10. trinn på Øyatun ungdomsskule inviterer til «Toftåsen opp» søndag 10. mai.

NYTT LØP: Brede Mehammer Tofte, Johanne Tofte Grønseth og Magnus Eide og resten av 10. trinn på Øyatun ungdomsskule inviterer til «Toftåsen opp» søndag 10. mai.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Søndag går det første «Toftåsen opp» av stabelen på Halsnøy.

DEL

Det er elevane som går i 10. trinn på Øyatun ungdomsskule, og som har valfaga Fysisk aktivitet og Produksjon av varer og tenester, som arrangerer det første «Toftåsen opp» – motbakkeløp og turdag. Toftåsen er eit mykje brukt turmål på øya.

Starten går frå skuleplassen på Øyatun, og mål er oppe på Toftåsen som er rundt 190 høgdemeter. Løypa er rundt 2,3 kilometer lang. Turklassen startar først, før konkurranseklassen med motbakkeløparar får ta seg ut. Langs løypa blir det ulike aktivitetar for dei minste, kanskje får dei sjanse til ein tur på hesteryggen? Påmelding til konkurranseklassen må gjerast til lærar Johannes Heien seinast 30 minutt før start, medan påmelding til turklassen skjer ved start. Etter løpet blir det premieutdeling til dei beste i konkurranseklassen i klassane junior og senior, og trekning av premiar på startnummera. Det blir elles sal av kaffi, kaker og brus.

– Vi håpar det kjem folk frå heile kommunen, ikkje berre Halsnøy, seier elevane Brede Mehammer Tofte, Magnus Eide og Johanne Tofte Grønseth. Sistnemnde har laga den flotte plakaten til løpet.

– Eg trur det blir eit kjekt arrangement. Det er sosialt, og løpet går i fin natur, seier Brede. Pengane dei får inn skal gå til jordskjelvofra i Nepal, og til Halsnøy Samfunnshus.

Artikkeltags