Her kan ein delta i Valedamenes første løp, «Spirdalen opp», eller ein kan velja å gå natursti som er ei familieløype opp til Svartatjødno, skriv laget i ei pressemelding. Ved Svartatjødno vil 7. klasse på Valen skule selja kaker, saft og kaffi.
Valedamene ynskjer òg å gi eit gratis tilbod til pensjonistar eller andre som ikkje klarer turen på eiga hand.
– Me har bilar og mannskap som kan frakta folk oppover slik at fleire kan delta og få sjansen til å sjå den nye vegen gjennom Valedalen. Her er det berre å ta kontakt med Valedamene om ein ynskjer å få skyss til å vera med på tur, skriv dei.
Valedamene er òg i gang med årets siste dugnad til inntekt for bygdehuset på Valen.
– Me har diverre oppdaga at det kjem vatn inn i kjellaren, og arrangerer difor loddsal og basar 9. november for å finansiera ei drenering før me kan setja i gang oppussing av kjellaren. Her er målet at det skal verta felles trimrom for folk i alle aldrar i bygda, avsluttar Valedamene pressemeldinga.
Kommentarer til denne saken