Fann igjen stolen sykkel på loppemarknad

FUNNEN: Etter at denne sykkelen vart stolen for halvtanna år sidan, dukka den opp på ein loppemarknad i Omvikdalen førre laurdag.

FUNNEN: Etter at denne sykkelen vart stolen for halvtanna år sidan, dukka den opp på ein loppemarknad i Omvikdalen førre laurdag.

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

Jarle Bjørnebøle fekk seg ei stor overrasking då han tilfeldig tok seg ein tur på loppemarknaden i Dalheim førre laurdag.

DEL

Jarle Bjørnebøle legg ofte turen innom lokale loppemarknadar. Då det vart annonsert loppemarknad i Dalheim i Omvikdalen, berre nokre hundre meter frå bustaden hans, bestemte han seg for å gå og sjå om han kunne finna noko interessant. Etter å ha starta runden sin inne i salslokalet, kom han plutseleg over ei «loppe» han drog kjensel på.

For fire år sidan kjøpte han ein sykkel til dotter si, til ein verdi av åtte til ni tusen kroner. Men for eit og eit halvt år sidan, vart sykkelen stolen i Omvikdalen.

– Eg har køyrd rundt og leita etter sykkelen i time etter time. Strekninga frå Neslia til Herøysund er blitt tråla. Eg har vore innom alle byggefelt, rundt utestadane og over alt. Det er gått med mange liter diesel i løpet av køyreturane som er brukt på søket etter sykkelen. Men no var det gått så lang tid at eg hadde gitt opp alt håp om at den skulle dukka opp igjen, seier Bjørnebøle.

Sykkelen har litt spesielle fargar og litt spesielt utstyr. Inne i lokala i Dalheim blant fleire hundre lopper, stod sykkelen han straks drog kjensel på.

– Etter at eg tok ein nærare kikk på den, vart eg overtydd om at dette var sykkelen som eg kjøpte til dottera mi for fire år sidan. Den var prisa til 450 kroner, veldig billeg spør du meg. Eg har nok brukt mykje meir pengar på diesel i jakta på sykkelen enn det den no var prisa til, smiler Bjørnebøle.

Han tok kontakt med arrangørstaben og forklarde historia. Dei vart sjølvsagt overraska, men let Bjørnebøle få sykkelen, utan å betala for den.

– Eg måtte jo sjølvsagt stilla dei spørsmål om kven som hadde levert den inn, og det fekk eg opplyst, seier Bjørnebøle.

Det viste seg då at det var eit par som hadde leigt eit husvære i området. Då dei flytta vart sykkelen ståande igjen. Huseigaren hadde ikkje fått kontakt med dei. Dermed bestemte han seg for å levera sykkelen på loppemarknaden.

Jarle Bjørnebøle pendlar på jobb til Aukra. Elektroingeniøren er på jobb to veker og har fri tre veker. Hadde loppemarknaden blitt arrangert komande laurdag, så hadde truleg den sakna sykkelen ikkje kome i hendene på den rette eigaren.

– Det var jo eit lukketreff på alle måtar dette, seier Bjørnebøle.

Artikkeltags