Tusenvis av lopper fekk nye heimar

FULLT HUS: Fem minuttar etter at dørene opna såg det slik ut i storsalen i Rosendal samfunnshus. I tillegg var gymsalen i etasjen under full av møblar, sportsutstyr, elektriske artiklar med meir.

FULLT HUS: Fem minuttar etter at dørene opna såg det slik ut i storsalen i Rosendal samfunnshus. I tillegg var gymsalen i etasjen under full av møblar, sportsutstyr, elektriske artiklar med meir.

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Rosendal skulekorps sin årlege loppemarknad er ei storhending i den lokale bruktmarknaden.

DEL

Så vidt me kunne sjå, var det ingen som sprang kvarandre ned då dørene opna presis klokka 11.00 laurdag føremiddag. Som vanleg var det lang kø utanfor Rosendal samfunnhus, men flokken av handlekraftige tok seg inn til godbitane på ein eksemplarisk måte. Skulekorpset sin stordugnad har som vanleg vore avhengig av stor givarglede og solid dugnadsinnsats for å få til marknaden. Heile 50 personar var i aksjon frå arrangørsida i loppemarknaden si opningstid.

Leiar i Rosendal skulekorps, Martha Skeie Olsen, fortel at det ligg om lag 900 dugnadstimar bak loppemarknaden nåd både ungane og dei vaksne sin innsats er rekna med.

– I fjor sette vi ny inntektsrekord, og den slo vi med om lag 200 kroner i år. I alt fekk vi inn 134.000 kroner, rapporterer ein svært nøgd korpsleiar.

Minus husleige, utgifter til SIM, litt mat og litt forskjellige andre utgifter, sit korpset igjen med ein netto rundt 100.000 kroner.

– Om det er mykje arbeid, har vi det veldig kjekt – det heile er jo veldig sosialt.

Ein del gamle møblar var blant årets godbitar, og som seg hør og bør for ein korps-loppemarknad, var det også nokre instrument til sals.

– Både kornetten og slagverket vart selt. Nokon får ein del lyd i heimen no, ler Martha.

Alt vart naturleg nok ikkje selt. Eit lastebillass går til SIM, klesrestane til UFF og alt glas til resirkulering.

– Vi prøver å vera flinke til å sortera, seier korpsleiaren.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags