Spelte Lotto på Valen – vann 5,1 millionar

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Ein mann spelte Vikinglotto hos Spar Valen til trekninga onsdag. Han vart 5,1 millionar kroner rikare.

Med tala 11 - 33 - 48 - 17 - 34 -26 kunne ein mann frå Stange i Telemark gle seg over at det no står 5,1 millionar kroner på kontoen. Spelet vart gjort på Spar Valen.

Vedkommande som vil vera anonym vart oppringd av Norsk Tipping onsdag kveld.

– Så spennende, sa mannen etter å ha fått opplyst at det var Norsk Tipping som ringde.

Spenninga vart gjort om til latter då Norsk Tipping fortalde at han hadde vunne 5,1 millionar kroner.

– Det var veldig. Nesten overveldande, lo mannen frå Stange.

Kupongen han vant på var ein 5-vekers kjøpt hos Spar Valen.

Veit ikkje kven det er

Folk spør, men vi veit faktisk ikkje kven vinnaren er. Det er utruleg mange som har lurt på det, seier kjøpmann Nils Trygve Markhus.

Han fortel at det nok blir ei feiring med kake på butikken ved eit seinare høve.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags