– Dette kurset bør mange få med seg

Onsdag kjem advokat Lise Waage til Kvinnherad Næringsservice for å kursa kvinnheringar i den nye personverlova. (Pressefoto).

Onsdag kjem advokat Lise Waage til Kvinnherad Næringsservice for å kursa kvinnheringar i den nye personverlova. (Pressefoto).

Artikkelen er over 1 år gammel

Dei nye personvernreglane kan få store konsekvensar for veldig mange, både private bedrifter og offentlege etatar. Onsdag 6. desember kjem advokat Lise M. Ø. Waage for å halda kurs hos Kvinnherad Næringsservice.

DEL

Ei ny ordning frå EU skal gjelda i Norge frå 25. mai 2018. Denne ord-ninga må vedtakast som ei eiga lov i Norge sidan vi ikkje er EU-medlem, og frå denne datoen kjem det heilt nye krav til alle som behandlar personopplysningar her til lands. I realiteten gjeld det så godt som alle.

– Med denne nye personvernlova kjem det mange konkrete krav, og i og med at vi allereie er i slutten av november begynner det å hasta med kartlegging for å sjekka om ein har rutinar som er i tråd med regelverket, seier advokat Waage til Kvinnheringen.

Lise M. Østensjø Waage er partner i Advokatfirmaet Eurojuris Hauge-sund AS, som har kontor i Haugesund, Åkrehamn og Odda. Waage har mange års erfaring med personvernrettslege spørsmål, og er firmaet sin fagansvarlege for personvern. Ho jobbar elles med eit breitt spekter av forretningsjuridiske spørsmål.

Eige personvern-ombod

Ho seier det har vore mykje rabalder om den nye lova, men at mange av krava ikkje er nye.

– I Norge har vi hatt eit ganske godt regelverk sidan førre lov kom i 2000, men den har i liten grad vore følgd. Nesten alle har synda og sove i timen. Mykje tyder på at den nye lova som kjem 25. mai vil føra med seg eit sterkare fokus, og at Datatilsynet kjem til å følgja mykje betre med, seier kurshaldaren.

Vi ber ho nemna døme på kva som kan vera i konflikt med personvernlova.

– Eit typisk døme kan vera viss ein butikk sender ut reklame på SMS til ei rekkje kundar som ikkje har godteke det på førehand. Det kan vera i strid med reglane. Det same gjeld kommunen si postliste. Viss brev mellom ein privatperson og kommunen som inneheld personnummer eller helseopplysningar ligg ute på postlista, er ikkje det lov. Så kommunar som er flinke til å følgja offentleglova, men som syndar mot personvernlova, kan risikera høge bøter.

Waage fortel at mange bedrifter også kan bli nøydde til å tilsetja eit personvern-ombod etter dei nye reglane.

Høge bøter

Det er Datatilsynet som skal følgja med på om personvernlova blir følgd, og også gi bøter til dei som bryt lova.

– Fram til no har ikkje Datatilsynet kunna gi høgare bøter enn litt under 900.000 kroner, men no blir det etablert eit felles bøtenivå med dei andre EU-landa, som blir mykje høgare. Ein kan få så mykje som 20 millionar Euro i bot for å bryta personvernlova, eller fire prosent av global brutto omsetning, forklarar Waage.

Ho har halde fleire kurs om dei nye krava i personvernlova, og onsdag neste veke kjem ho altså til Kvinnherad Næringsservice og Husnes for å halda halvdagskurs.

– Både private bedrifter og offentlege etatar er omfatta av regelverket, derfor vil dette kurset vera nyttig for alle. Eg prøver å halda det på eit enkelt og praktisk nivå, med døme som folk forstår. Regelverket er tungt tilgjengeleg, også for oss juristar, så eg skal gjera mitt beste for å gjera innhaldet forståeleg, lovar Waage.

Dei som vil vera med på kurset kan melda seg på til Kvinnherad Næ-ringsservice.

– Vi arrangerer dette kurset etter ønske frå medlemmane våre, og er svært glad for at Lise Waage vil koma til Husnes og halda kurset. Det er eit viktig og veldig aktuelt tema for alle bedriftene i kommunen, noko vi også ser på påmeldinga så langt, seier Emma-Kristin R. Reigstad i Kvinnherad Næringsservice.

Artikkeltags