Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

1. desember:

Me møtest på Bedehusplassen klokka 17.00. Så går turen utover mot Brekkegrenda. Der er det ingen veglys, så me går i stummande mørke.

Me stoppar ved trehytta i Vikane. Ei flott hytte, sekskanta med gras på taket. Her fyrer me i bålpanna og nyt god, varm drikke og litt julebakst.

Om me har ungar og leikne vaksne med, så er dette ein fantastisk å leika «gje eit lite blink». Om vêret er bra, kan me få ein flott stjernehimmel over oss.

Me er attende om lag klokka 19.

Kle deg godt. Og ta med hovudlykt eller lommelykt.

Alle er hjarteleg velkomne, små og store. Send gjerne ein sms til 95974438.

Gler meg til tur med deg.

Helsing Gunnlaug