Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Møt på parkeringa ved vassverket kl. 17. Kle deg etter vêret. Ta med hovudlykt og eventuelt ei jakke til å ta på deg når du kjem opp.

Me går om Krolia opp til Bremstølen – det vil ta om lag ein times tid. På Bremstølen får ein flott utsikt over lysa på Husnes og området rundt.

Me varmar oss på ein kopp gløgg på toppen, før me går om Luren og kjem ned ved Husnes Motor. Det blir altså ein liten rundtur.

Gje ein lyd til Mona Eikemo Røstbø på tlf. 977 22 163 om du blir med.

Velkomen på tur!