Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Me møtest på parkeringsplassen for Bondhusdalen klokka 16.00 og går Isvegen inn til Sandarvollen.

Kle deg etter vêret, ikkje glatte sko. Det er veg inn, men det kan vera snø på delar av vegen.

Ta med hovudlykt eller lommelykt. Turen tar totalt 2–2,5 timar. Ved Sandarvollen vert det litt bålvarme og varm drikke.

Fint om dei som vil bli med melder frå på sms eller telefon til 97070732.

Turleiarar: Olav Gjerde og Magne Leikvoll