Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Me følgjer den T-merka stien mot Stussvikhovda fram til Synnevågstølen. Herifrå tar me stien om «Sløyfa» ned igjen til start. Turen tar totalt 1–1,5 time. Den byrjar om lag 40 moh. og har eit høgaste punkt på ca. 230 moh.

Oppmøte klokka 17.00 ved P-plassen i Stussvik. For å finne parkeringsplassen må ein ta av frå Ølvesvegen i Stussvik og følgja Stussvikvegen om lag 100 meter.

Ta med hovudlykt og gjerne broddar, i tillegg til gode klede.

Påmelding Hans Bertin Hjortland – tlf. 91832642.