Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Me møtest ved Grendahuset i Bringedalsbygda klokka 17.00.

Om vêret er med oss går me til Gråskallen der det er fin utsikt over lysa på Husnes og bygdene innover fjorden. Det vert også her kjeks og noko varmt i koppen.

Om alt stemmer kjem månen opp over Manen når me er på veg heim att.

Ta med broddar om du har, og høvelege sko og klede for vêret.

Om du har tid og lyst å vera med, så gje ein lyd eller send ein sms til Roger Grimelid på telefon 48323130

Velkommen på tur!

Kvinnherad Turlag melder at det ikkje blir kalendertur den 16. desember. Per laurdag 11. desember hadde 105 personar delteke på turlaget sine kalenderturar.