Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 19. desember i denne spreke julekalenderen.

Vi startar frå Søsterheimen på Valen kl. 18, og turen opp tek ein liten time.

Ta på deg klede og sko etter vêret, gjerne broddar om det er glatt. Husk hovudlykt!

Det bles ofte på toppen, men det gløymer vi nok når vi ser den storslegne utsikta over nesten heile Sunnhordland! Vi satsar også på ein storslegen stjernehimmel!

Er vi heldige blir det ein skvett gløgg og litt peparkaker å få på toppen! Same veg ned att.

Send ein melding om du blir med, tlf. 91147758. Ann Kathrin Røssland.