Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 19. desember i denne spreke julekalenderen.

Frammøte: Skarveland skule, kl. 13.00

Kle dykk etter vêret og ta med hovudlykt for tryggleik på heimveg. Ta med litt niste, me serverer kokekaffi og noko julegodt ved bålpanna.

Kort omtale av turen: Denne turen går på ein noko bratt skogsveg heilt fram til stølen til Steinar Skarveland. Me lagar til ei lita aktivitetsløype for små og store oppover bakkane.

Skarvelandsstølen består av gamle bygg som er sett saman til eit lite tun. Steinar er glad i gamle ting og har samla bygg og ting gjennom mange år.

Turen tek ein time opp. Totalt 2–3 timar tur-retur inkludert kaffidrøs og kos. Me fyrer i omnen i ei av hyttene så ein kan kome innomhus og varma seg ved behov.

Turen passar for familiar og vaksne som kan gå sjølv. Ikkje barnevogn.

Me gler oss til tur! Velkomen

Påmelding til Gro Rusten Saghaug, 90875737.