Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 19. desember i denne spreke julekalenderen.

Frammøte ved bommen ved velteplassen på Valen (bak Lyngbakken) klokka 17.

Me følgjer den bratte grusvegen opp Spirdalen. På toppen flatar vegen ut forbi Svartatjødnhytto (326 moh.) og vidare forbi Elvadammen der me følgjer Valedalselva i lett stigning opp til Valedalsdammen (475 moh.). Her har me ein liten pause med litt varm drikke og noko attåt.

Heimturen går via Bjørkedalsdammen, her med eit parti på sti, slik at me får ein fin rundtur. Om vêret er bra, kan me få oppleva ein flott stjernehimmel og fullmånen som kjem opp over Handelandshorjo. Turen tek om lag 2,5–3 timar.

Du må kle deg godt og ta med hovudlykt eller lommelykt. Ha gjerne ein ekstra genser med i sekken, og dersom det er snø/glatt er det lurt å ta med broddar. Alle er hjarteleg velkomne på tur.

Send gjerne ein SMS til 90203623 om du blir med. Helsing Torill Storhaug