Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

2. desember:

Frammøte ved Felleskjøpet Seimsfoss kl. 17.00.

Me går opp byggjefeltet på Seimsfoss om lag 300 m før me går over på sti vidare til me er oppe ved høgdebassenget. Veg vidare i lett stigande terreng.

Liten pause med litt varm drikke. Deretter går vegen nedover mot Naterstad. Så går vegen attende til Felleskjøpet. Turen tar om lag to timar. Dette er ein lett tur.

Turleiarar er Jarle Fossheim og Helge Furdal mob 99512585.

Send gjerne ein sms på førehand.

Kjekt om de vil vera med oss på tur.