Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Me møtes ved enden av Vardhaugvegen mot Bjellandsneset kl 18.00

Ta med deg kler etter vêret, hovudlykt og ikkje så glatte sko. Eg tar med varm saft og kjeks.

Har du lyst å sjå Holo kor Hans Nilsen Bjelland og kona Barbro Larsdatter bygsla frå 1874 og så lenge dei levde. Før me går vidare til Storarøyso frå bronsealderen kor det kan hende er gravlagd ein leiar frå denne tida. Me går ein runde som tar ca. 2 timar.

Fint om de sender meg ein sms eller ringjer om du vil vera med.

Jarle Røstbø 99297383