Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Frammøte ved parkeringsplassen ovanfor Handeland Gard kl. 17.00 (retur til parkeringsplass kl. 19.00).

Fire nissejenter vil guida dykk inn til Feto i Handelandsdalen.

Turen innover Handelandsdalen går langs den stilleflytande Handelandselva til Feto, om lag 3,4 km tur/retur.

Ved Feto har vi tent i bålet og du kan nyta kveldsmaten dersom du tar med grillpølser eller annan bålmat!

Det vert servert varm drikke og kakemenn. Kjekt om du vil kle deg ut som nisse!

Dersom det har kome snø er det òg mogleg å gå på ski til Feto.

Send oss sms dersom de vil vera med til; Anne Kari Enes (95196467) eller Siv Framnes (99524607)

Luke 8b – padletur: Kajakktur til Løkjelsøy og Klostervågen

Start frå Larsstø på Halsnøy onsdag 8. desember kl. 18.00. Møt opp i god tid.

Padleerfaring/kurs er nødvendig. Utstyr kan lånast, men må avtalast dagen før med Sverre.

Kle: Ullkle og tørrdrakt, padlesko, hanskar/ullvottar, vest og lue (sydvest ved regn), hovudlykt.

Ha lett tilgjengeleg litt mat og drikke.

Turen varer i 2–3 timar, og føregår i mørket kl. 18–21. Obs!

Dette er ein fin tur på nordsida av Halsnøy ut til Løkjelsøy og Klostervågen. Turen går mest langs land, gjennom fine sund og inn på stille vågar. Her er det rolege vindtilhøve, men må rekna med litt vind og straum ved overfarten. Kanskje viser måne og stjerner vegen og morelden glitrar i padleåra?

Turen er ca. 10–12 km lang. Det er litt meir krevjande å padla på denne årstida, så du bør ha trening i padling og rutinar. Då kan dette bli ein fin tur! Du er i godt selskap med fleire erfarne padlarar frå Perlo kajakklubb.

Høyrest dette forlokkande ut, så ta kontakt med Sverre Bjørnevik på mobil 97024324. Oppdatert info vert lagt ut på facebooksida til Perlo kajakklubb.

Påmelding med namn og tlf. nr. på sms til Sverre.

Vi gler oss til tur i lag med deg!