Kvinnherad Turlag inviterer kvinnheringane med seg ut i naturen, kvar dag til og med 20. desember i denne spreke julekalenderen.

Turen torsdag 9. desember går til Sjethaug i Rosendal.

Vi går skogsvegen frå Neslia kl. 17.00. På Sjethaug vert det servert peparkaker, varm saft og kaffi, før vi går same vegen ned igjen.

Du bør ha med hovudlykt/lommelykt. Hugs sko og klede etter vêret.

Turen er for alle, små og store, unge og eldre. Alle som deltek er med på trekning av nokre julegåver på julaftan.

Turen tek totalt 2,5 til 3 timar.

Meld deg gjerne på med SMS til 970 29 515, eller møt opp før vi går.

Alle er velkomne til adventskalendertur!

Arnt Orholm, turleiar