Fjorårets lyse påfunn frå Herøysund bygdalag hausta mykje ros. 100 meter med kvalitetslenker og 200 pærer med LED-lys utgjorde ei sjarmerande lysgate på Stigen over Bergsheiane.

Grunna arbeid i området i vinter måtte bygdelaget fjerna lyslenkene, men dugnadsfolket syntest ikkje det heldt å berre endra lokasjon. Våren 2022 søkte dei Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad om støtte til å handla inn endå meir lys, noko dei fekk.

Denne vinteren er det difor ikkje berre éitt strekke som får lys, det er to.

– Det var jo veldig kjekt å ha lysgata litt langt frå allfarveg, der det var mørkt og mystisk, så vi måtte leita etter ein ny, liknande lokasjon. Vi tenkte på Postvegen som eit godt alternativ, men det er jo avgrensa kor langt frå eit straumpunkt ein kan henga opp lys, fortel bygdelagsleiar Frøydis Nilsen Mathisen.

Postvegen og klatrejungel

Valet fall på eit fullstendig mørklagt strekke ikkje langt frå Amcar-klubben sitt lokale, som då blir tilknytingspunktet for straum.

– Dei var veldig positive frå første stund. Her er det også mogleg å parkera, og lysgata er lett tilgjengeleg for både små barn og personar i rullestol. Vil ein ha ein lenger tur, kan ein jo starta heilt inst i bygda der Postvegen faktisk startar.

Det andre strekket som denne vinteren vil skina opp tussmørket er klatrejungelen ved idrettsbanen i Herøysund.

– Her er det både grillhus, bålpanne og rom for aktivitetar rundt. Det er til dømes ein veldig kjekk plass for grilling av pølser, tipsar Mathisen.

Kjekkare å gå tur

Det var ganske sjølvsagt at lyslenkene måtte opp igjen etter det som må skildrast som ein suksess i fjor.

– Vi fekk utruleg gode tilbakemeldingar på tiltaket. Og på det strekket på Postvegen som vi har hengt opp lys no, er det ufatteleg mørkt. No er det litt kjekkare å gå tur der. Motivasjonen for å henga opp lyslenker er å få folk ut på tur, fortel Mathisen.

– Eg trur folk kjem i god stemning.

Som om det ikkje heldt med 50 meter lysgate på Postvegen, er det også dekorert med lys i fleire av brakebuskane frå Amcar-klubben og fram til sjølve lysgata.

– Kvifor engasjerer du deg slik i bygda di?

– Eg synest det er veldig kjekt når det skjer litt nye ting i bygdene våre. Eg trur det er med på å løfta bygda litt, og Herøysund er ei bygd som det har kome mange tilflyttarar til, og kor det er mange ungar på veg.

– Det er noko med det å skapa gode aktivitetar i bygda, og få folk til å lika seg endå betre her!

Lyslenkene blir hengande til månadsskiftet januar/februar.