Den annonserte konserten i Kvinnherad kyrkje laurdag 5. november blir det altså ingenting av. Det var Strandebarm songlag, Trengereidkoret med Røysterett for alle som skulle opptre, men:

– Halve besetninga er blitt sjuke. Det er ikkje så lett for ein korist å opptre når det er i halsen det sit, så konserten må dessverre utgå, seier korleiar i Røysterett for alle, Jarle Fossheim.