Gå til sidens hovedinnhold

Magiske vesen og pratsame dyr dukka opp i skogen i Eidsmarka – sjå bildeserie

Artikkelen er over 1 år gammel

Elevar ved skodespelarlinja på Sunnhordland Folkehøgskule har laga til eit barneteater, «Grete og Hans – og hjelparane deira», der handlinga går føre seg i skogen i Eidsmarka på Halsnøy. Planen er at fleire barnegrupper skal få sjansen til å sjå det sjarmerande teaterstykket som elevane sjølve har laga. Vi blei med då halvparten av skulekameratane ved Espira Halsnøy Kloster barnehage besøkte skogen og magien som gjekk føre seg der måndag føremiddag.

Du har nå sett Magiske vesen og pratsame dyr dukka opp i skogen i Eidsmarka – sjå bildeserie