Maks 200 slepp inn

Søndag blir det Pride-markering ved rådhuset i Rosendal. (Illustrasjon: Colourbox).

Søndag blir det Pride-markering ved rådhuset i Rosendal. (Illustrasjon: Colourbox).

Søndag går historias første Pride-arrangement i Kvinnherad av stabelen ved rådhuset i Rosendal. På grunn av smittevernreglane, slepp maks 200 personar inn.

DEL


Det skriv Gaute Lund i Human-Etisk Forbund i ei pressemelding til media torsdag.

Pride-komitéen melder at dei er godt i rute med arrangementet til helga. Smittereglane vil bli respekterte, så maks 200 tilskodarar slepp inn på området framfor rådhuset. Der vil dei få høyra appellar frå ordføraren og frå Christian Lomsdalen, nestleiar i Human-Etisk Forbund.

Dei som vil kan gå Storapride sitt rebusløp i Rosendal, med fine premiar, står det i pressemeldinga.

– Vi er glade for at Fagforbundet har slutta seg til arrangementet! Dei spanderer kake på alle. Slik vêrmeldinga ser ut kan det bli fuktig, men vi tek høgde for det også, og vonar folk likevel møter opp på den første Pride-markeringa i Kvinnherad nokosinne! oppmodar dei.

Les også: Kommunen godtar regnbogeflaggheising, og stiller med både flaggstong og straum til det lokale Pride-arrangementet (+)

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken