«Det har i alle år vore brukt ordet «snøggbåt» om båtsambanda i Hordaland, både på ruteheftet og elles, og me ser ingen grunn til at Skyss skulle la dette ordet gå ut av bruk»

Av
DEL

MEININGAR Kvinnherad mållag har merka seg at den siste utgåva av ruteheftet for Hordaland har fått tittelen «Ferjer og hurtigbåtar». «Det har i alle år vore brukt ordet «snøggbåt» om båtsambanda i Hordaland, både på ruteheftet og elles, og me ser ingen grunn til at Skyss skulle la dette ordet gå ut av bruk».

Ordet «snøggbåt» er i bruk både munnleg og skriftleg, både på skilt, i annonsar, rutehefte og så vidare. Også i Bergen by er ordet snøggbåt innarbeidd, både når det gjeld skilting til snøggbåtkai, som destinasjon i lystavla på bussruter og elles.

Ordet «snøgg» har lang tradisjon i norsk, og står dessutan også i Riksmålsordboka, sitert frå både Bjørnson og Ibsen.

Det er Skyss som står bak ruteheftet, og Skyss er eit fylkeskommunalt selskap. Vestland fylke har valt nynorsk som språk, men det heiter ingen stad at ein skal leggja nynorsken så tett opp til bokmålet som råd.

Me vil difor be om at Skyss så snart som råd innfører ordet «snøggbåt» i informasjonsmateriellet sitt att. Mållaget stiller gjerne opp med korrekturlesing og språkvask av Skyss sine skriftlege arbeid, om det skulle vera ynskje om det.


Kjære Skyss, som driv med slikt

– ver no grei og gløgg:

Lat båten gå når båten skal

og lat han vera snøgg!


Kvinnherad mållag

årsmøte 11. februar 2020.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags