Gå til sidens hovedinnhold

Måndag kan du få tips av dei dyktige fotografane i Kvinnherad fotoklubb

Artikkelen er over 1 år gammel

Vil du bli ein betre fotograf? Kvinnherad Fotoklubb arrangerer open fotokveld førstkommande måndag kveld, i lokala til frivilligsentralen i Aksen på Husnes.

Møtet er ope for alle personar som er nysgjerrige på fotoklubben, eller berre har lyst til å læra seg enkle reglar for å forbetra bilda sine, melder klubben i ei pressemelding.

Atle Helland vil gå gjennom reglar for komposisjon, og visa dette i praksis med foto-døme. Dette kan vera nyttig anten om du bruker fotoapparat eller berre mobiltelefonen. På slutten av samlinga tar fotoklubben sine medlemmar imot spørsmål rundt foto, til dømes om kamera, komposisjon og teknikk. Dei har òg med seg litt ulike kamera-typar dei vil visa fram.

– Velkommen til ein kjekk og nyttig kveld for fotointeresserte, melder Kvinnherad Fotoklubb.

Les også

Berre éin har klart det før Helland: – Har vore eit mål for meg

Les også

Kvinnherad Fotoklubb med gode resultat i foto-NM

Kommentarer til denne saken