MEININGAR Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Viser til sak 2019/2979-1 som kjem i Formannskapet 5. desember 2019.
Rosendal er eit viktig besøksmål for lokale, nasjonale og globale turistar. Innbyggjarar i Rosendal og Kvinnherad er viktige turistar i eige nærmiljø. Familie- og opplevingsturistar som vil på tur og oppleva kultur og natur i samspel, er viktige for bygda og kommunen. Dette er turisme som Rosendal bygdelag vil vi skal satsa på framover. Deira oppleving av staden må vi ta vare på.
Den største båten som kom til lands i 2019 hadde rundt 1500 turistar. Den største som kjem i 2021 har 3700 turistar. Denne auken i passasjertal ser Rosendal bygdelag som negativ.
Kvinnherad bør, etter bygdelaget si meining, ikkje fokusera på eit felt som verkeleg ikkje tek miljø i rett retning og som heller ikkje bidreg til å betra kvardagen til dei som bur i Rosendal/Kvinnherad. Fokuset bør vera det motsette. Majoriteten av innspel bygdelaget har motteke kring cruiseturismen kommuniserer eit ønskje om sterk grensesetjing av cruiseturismen i Rosendal. Ein ønskjer ikkje at Rosendal får kaianlegg for cruisebåtar. Bygdelaget ser positivt på at Kvinnherad kommune no vil laga ein heilskapleg plan for cruiseturisme.
Sentrumsområdet er svært avgrensa, og det vil vera meiningslaust å ofra sentrumsareal til vitjande som går ut av båten og inn i ein buss. Om Kvinnherad verkeleg ønskjer å fasilitera ein auke i cruiseturismen, må andre tilkomststadar nyttast, til dømes der infrastruktur ligg til rette, som industriområder, e.g. Årsnes eller Husnes. Dersom ein vil ha turistar inn i ein buss, må vi òg ta innover oss at nærast ingen stadar i Kvinnherad kan ta imot svært mange busslaster med turistar på kort tid. Verken Bondhusdalen eller Guddal har fasilitetar til mange busslaster med tilhøyrande infrastruktur.
Ei rett utvikling av turisme (og cruiseturismen) står i samanheng med ei levande bygd som ein ønskjer å bu i og besøka. Mange har uttrykt bekymring for ein (ukontrollert) vekst i cruiseturismen i Rosendal, inkludert ei bekymring for aukande mengde cruiseskip og dei negative effektane desse gir lokalt og globalt; slik som
•Forureining (både sjø, luft, "køforureining", og visuell / støy)
•Store risikoar grunna storleik (medisinsk, brann, katastrofe) og mangel på risikoreduserande og/ eller handlingsplanar (inga kapasitet for medisinsk naudsituasjon, inga opplæring i brann i cruisebåtar osb.)
•Uforholdsmessige høge tal av besøkande på kort tid (cruiseskip kan overstiga lokalbefolkninga fem gonger)
•Lågt bidrag/inntekt til handelsstanden og samfunnet per besøkande
For å sikra at dei negative sidene ved cruiseturisme ikkje overstyrer Rosendal som ein stad kor vi bur og trivst, må kommunen setja i verk ein politikk som
•Sikrar inntektene frå kvart cruisebesøk (obligatoriske kostnadar/skatt)
•Avgrensar storleiken på cruiseskipa som kjem
•Avgrensar total mengde fartøy per år
•Legg føringar for spreiing av besøk (motivera låhsesongsbesøk)
•Pålegg til alle reiarlag, som vil la cruiseturistar gå i land i Kvinnherad, dei aller strengaste miljøkrav
Rosendal bygdelag ynskjer å greia ut kor raskt desse tiltaka kan setjast i verk.
Bygdelaget ønskjer ei god og heilskapleg utvikling av turisme i bygda og kommunen. Det skal vera godt å koma til Kvinnherad og Rosendal som turist. Det skal vera godt å bu her. Auke i cruiseanløp og passasjertal er ikkje ein del av det bygda ynskjer.
Rosendal bygdelag