Mange koronatestar klare: Kun éin positiv

Kommuneoverlegen melder onsdag kveld at det så langt berre er eitt nytt smittetilfelle.

DEL

– Av alle testar som blei utførte tysdag var kun éin positiv, står det å lesa på Kvinnherad kommune si Facebook-side onsdag kveld.

Vidare står det at det ikkje er behov for ytterlegare smittesporing fordi vedkomande alt er registrert som nærkontakt.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland opplyste til Kvinnheringen tidlegare onsdag at 70 personar testa seg tysdag. Av desse var altså kun éin positiv.

Onsdag skal ytterlegare 80 personar ha testa seg for koronasmitte i teltet ved Podlen.

Smittetilfellet ved KVV har dermed så langt resultert i seks nye tilfelle. Smittesituasjonen har ført til uro blant elevane, som onsdag starta streik i protest mot at kommuneoverlegen ikkje har stengt ned skulen.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken