Mange småbarnsforeldre har ingen plan når brannalarmen går

I år blir det ingen open brannstasjon i kommunen under Brannvernveka 2020. Her frå open dag ved brannstasjonen på Halsnøy for ein del år sidan.

I år blir det ingen open brannstasjon i kommunen under Brannvernveka 2020. Her frå open dag ved brannstasjonen på Halsnøy for ein del år sidan. Foto:

42 prosent av familiar med barn i alderen 0 til 12 år har ikkje diskutert korleis dei skal evakuera barna ved ein brann. Denne veka inviterer Kvinnherad brann og redning til ei Brannvernveke litt utanom det vanlege.

DEL


Dersom det begynner å brenna står nær halvparten av småbarnsforeldre utan noko plan for å få barna i sikkerheit. Det viser ei fersk befolkningsundersøking gjennomført av Kantar på vegner av Norsk brannvernforening og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

– Vi har i mange år hatt fokus på å ha brannøving heime og at alle bør ha ein plan for kva ein skal gjera i tilfelle brann. Det er ikkje utan grunn, seier Thomas Hallquist, branninspektør i Kvinnherad Brann og redning.

42 prosent av familiar med barn i alderen 0–12 år har ikkje diskutert korleis dei skal evakuera barna ved ein brann.

– Dersom ein blir råka av ein omfattande brann blir det heile veldig kaotisk og dramatisk, og det kan vera vanskeleg å få oversikt over alle som har kome seg trygt ut. Derfor er det så viktig å ha snakka om kva ein skal gjera på førehand og ha avtalt ein møteplass ute, fortel Hallquist, og legg til:

– Eit skrekkscenario er at nokon går tilbake inn i eit brennande hus fordi dei ikkje finn kvarandre på utsida, og så står den ein leiter etter trygt ein annan stad ute.

Ingen open brannstasjon i år

Denne veka er det den nasjonale Brannvernveka, som går av stabelen same veke kvart år. Hausten markerer inngangen til ei tid på året der tal bustadbrannar vanlegvis aukar, blant anna som følgje av auka straumforbruk og levande lys.

– Det er mange rundt i heile landet som er engasjerte i brannøvingar og andre aktivitetar som bidreg til auka branntryggleik denne veke. Normalt ville vi invitert små og store til open brannstasjon denne veka, men av smittevernomsyn blir det dessverre ikkje det i år, forklarar branninspektøren, som likevel vil understreka viktigheita av at folk engasjerer seg og tar branntryggleik på alvor – også heime i eigen bustad.

– Det er mange ting ein kan gjera sjølv for å auka tryggleiken og redusera sannsynet for brann i heimen. Ta ein prat med heile familien, til dømes rundt middagsbordet om kva ein skal vera ekstra påpasselege med for å unngå brann, og kva ein skal gjera dersom det likevel begynner å brenna.

Hallquist minner om nokre viktige punkt som bør stå på saklista ved neste familieråd:

  • Bli einige om ein sikker møtestad ute som alle kjenner godt
  • Sjekk ut ulike rømmingsvegar
  • Røykvarslar og sløkkingsutstyr må sjekkast med jamne mellomrom. Ta ein sjekk allereie no i Brannvernveka.
  • Og viktigast: ha brannøving.

Derfor inviterer Kvinnherad brann og redning alle i kommunen til å bli med å arrangera eigen brannøving heime hos seg sjølv denne veka.

– Mange av landets skular og barnehagar held brannøving denne veka, gjer det same heime! I tillegg inviterer vi alle barn til ein digital open brannstasjon på Facebook med Brannbamsen Bjørnis som vert. I sendinga førstkomande laurdag blir det innslag frå fleire brannstasjonar i Norge der sjåarane får vera med på sløkkingsøving, redning frå stigebil, testa ut brannslangar og mykje anna gøy, sluttar han.

Send tekst og bilde «

Vi vil gjerne høyra om smått og stort som går føre seg i Kvinnherad. Hjelp oss å vera overalt!

Artikkeltags